Utbyggingane i Vatnedalsvatn har gått føre seg i ein lang tidsperiode. Fyrste regulering vart ferdig i 1919. I 1947 vart det bygt ny dam. Desse fyrste åra vart reservoaret berre nytta for å halde att vatn til kraftverk lenger nede i vassdraget. Dammane me har i dag vart bygde i perioden 1978 til 1983.

Vatnedalsvatn er inntaksmagasin til Holen Kraftverk. Magasinet er det største i Otra Vassdraget med eit volum på 1150 mill m3. Det er to steinfyllingsdammar i denne reguleringa. Dam sør er 120 m høg og 480 m lang, medan dam nord er 65 m høg og 380 m lang.