Urevatn heng etter siste regulering i hop med Lisle Urevatn og Store Urevatn. Reinevatn er samankopla med desse via tunellsystem. Reinevatn har difor same vassnivå som Urevatn. Dei fyrste reguleringane vart ferdig i 1952.

I 1987 vart det sett i gong eit nytt byggetrinn på denne utbygginga for å sikre vatn til tredje aggregat i Holen kraftstasjon. Då vart også dei gamle dammane frå 1952 rehabilitert.

Siste byggetrinn i Urevatn utbygginga var i 1998 då ein bygde ny steinfyllingsdam i juvet ned mot Vatnedalsvatn.

Magasinvolumet her er samla sett på 276,8 mill m3. Skarje pumpestasjon pumper også vatn opp i dette reservoaret frå Skarjesvatn. Det er ulike krav til reguleringshøgder for dei ulike vatna som tilsaman utgjer inntaket til Holen kraftverk. Store Urevatn skal ligge mellom 1141 og 1175, Lisle Urevatn skal vere mellom 1149 og 1175 og Reinevatn skal vere mellom 1165 og 1175. Ein ser at alle har same høgste regulerte vasstand, medan lågaste regulert vasstand varierer.