Longeraksvatn
Dam Longerak vart forsterka hausten 2018. Dammen er påført ny trykkimpregnert plankekledning samt oppussing lukeopptrekk
I 1912 fekk OB konsesjon til regulering av Longeraksvatn. Rettane vart overførte til staten som fekk løyve til å regulere 5 meter. Staten bygde kraftstasjonen i 1914 og vatnet frå reguleringa vart ført gjennom denne. I 1972 vart dammen reparert og alt treverk vart bytt ut. Siste modifisering av dammen vart gjennomført i 2018. Då vart alt trevirke bytt ut og det vart gjeve løyve for 10 år vidare drift med denne dammen.