Dam Sarvsfossen vart bygt i perioden 2012 til 2014. Magasinet er inntaket til Skarg kraftverk. Dammen hevar nivået i Otra med omlag 50 m og gjer at ein får eit trykk i Skarg Kraftverk på omlag 80 m. Magasinet tek i mot vatn frå nordre del av Otra, samt vatn som er overført frå Bjørnarå og nordover.