Holen kraftverk er bygd i to etappar. Fyrste byggetrinn er med inntak frå Vatnedalsvatn. Dette vart ferdig i 1981. Det er to aggregat på denne strengen. Det er eit stort spenn i høgde på magasinet og maskinene må kunne køyrast med ein variasjon i trykkhøgde på 140 m.

Siste byggetrinn har inntak frå Urevatn/Reinevatn. Her har ein eit fall på 651 m. Når dette anlegget vart bygt var det pioner på bruk av Francisteknologi på slike trykkhøgder. Utløpet frå stasjonen er i Botsvatn. Vatnet som går gjennom denne stasjonen vert tilgjengeleg for bruk i Brokke Kraftverk.

Film over anlegget:  

 

Film over inntaksmagasin Vatnedalen:

 

Tekniske data
Driftsetjingsår1981/1985
TurbintypeFrancisturbin
InntakVatnedalesvatn, Urevatn/Reinevatn
Årsproduksjon1184 GWH
Tunellengde13/12 km
Aggregat3
Effekt2 x 100 MW, 150 MW
Turtal2 x 375, 500 o/min
Slukeevne2 x 48 m3/s, 25 m3/s
Syneffekt generator2 x 140 MVA, 180 MVA
Spenning generator 3 x 15 kV
Syneffekt transformator 280 MVA, 180 MVA
Spenning transformator15/15/31,7/253 kV, 15/31,7/253 kV