Brokke kraftverk er bygd i to etappar. Fyrste byggetrinn var med inntak i Bykil. Dette vart ferdig i 1964. I andre byggetrinn kom eitt nytt aggregat i stasjonen, samt at inntaket vart flytta til Botsvatn. Båe byggetrinna nyttar vatn på same vasstrengen. Det er eit fall på rundt 300 m alt etter nivået i Botsvatn. Trykket i Brokke er også avhengig av kor mykje køyring det er i Brokke. Det er ein lang tilløpstunnell frå Botsvatn til Brokke kraftstasjon. Denne er på 70 m2 og ved hard køyring er farten i tunnellen opp mot 2 m/s. Vatnet frå stasjonen kjem ut att i Otra ved Sylvartun. Herfrå går det ned til Hekni kraftverk og vert nytta på nytt.

Film over anlegget:  

 

Film over inntaksmagasinet:

 

Film over bekkeinntak til Brokketunellen: 

 

Tekniske data
Driftsetjingsår1964/1976
TurbintypeFrancisturbin
InntakBotsvatn
Årsproduksjon1970 GWH
Tunellengde32 km
Aggregat4
Effekt3 x 78 MW, 100 MW
Turtal4 x 375 o/min
Slukeevne3 x 32 m3/s, 40 m3/s
Syneffekt generator3 x 100 MVA, 140 MVA
Spenning generator3 x 13 kV, 15 kV
Syneffekt transformator3 x 100 MVA, 140 MVA
Spenning transformator3 x 13/150 kV, 15/150 kV