Årsrapport Otteraaens Brugseierforening 2011
Pressemelding i samband med vedtak om utbygging av Brokke Nord og Sør
10.04.2012
Pressemelding i samband med vedtak om utbygging av Skarg kraftverk
Pressemelding 28. mars 2012
Klart for vannkraftutbygging i Setesdal
Selskapsmøtet i Otra Kraft DA har i dag vedtatt utbygging av Brokke Nord/Sør – det største vannkraftprosjektet på Sørlandet siden 1995.
![]()
Orientering om arbeid på Vatnedalsdammen 2012-2013
Erosjonsikring av strendene i Byglandsfjorden
23.03.2012

Nedanfor Bygland sentrum (ved Setesdølen)er det utført erosjonssikring på eit parti av strandsona. Det er brukt naturstein som materiale. I tilleg er jord planert utover steinplastringa for å gjere inngrepet mindre synleg. Når vegetasjonen byrjar å gro vil inngrepet meir eller mindre viskast bort og gli godt inn i miljøet ikring.
NVE godkjente arbeidet 13.mars 2012
![]()
Snømåling februar 2012
20.02.2012
I februar 2012 vart første snømåling gjennomført denne vinteren. Snømagasinet i fjellet er omtrent som normalt. Sidan det har vore mykje vestlege vindretningar denne vinteren så ligg det meir snø i vest enn i aust, og det er forholdsvis mest snø i eit belte frå ca. 500 til 7-800 m.o.h. 
Frå Finnbudalen i ca. 980 m.o.h. På dette punktet var det ca. 1,5 meter snø
![]()
Snøvinter og tett bekkeinntak i Væringsdalen
14.12.2011
I Væringsdalen vest for Breive er det eit bekkeinntak, der vatnet helst skal renne inn når ein tappar frå Skyvatn. I inntaket er det eit vinterinntak, men dette vert for lite når det kjem mykje vatn frå Skyvatn. I tillegg hender det at det legg seg røter o.a. framom inntaksrøyret slik at vatnet må finne andre vegar.
Denne forvinteren har det kome mykje snø i området og det har lagt seg is på inntaksristene slik at vatnet har fossa over inntaket.
Den 13.12.2011 var det inn folk og fjerna is frå ristene slik at vatnet kunne renne rette vegen.
![]()
Arbeid med dam Hovatn er avslutta
23.11.2011
Sommaren 2011 har det pågått eit stort arbeid med å bygge om/på dam Hovatn. Dette er no avslutta og dammen har fått ei betydeleg oppstramming, i tillegg til at den no tilfredsstiller krava til NVE. Nedanfor er det bilete av korleis den no ser ut.

![]()
Plastring av dam Hovatn
24.10.2011
Arbeidet med å plastre dammen i Hovatn, dvs. setje den i stand i samsvar med pålegg frå NVE, er no ferdig. På bileta nedanfor ser ein korleis dammen ser ut i dag og sentrale personar i gjennomføringa av dammen.
![]()
Krypsiv i Otravassdraget
18.08.2011
I sommar har det vore ein del fokus på krypsiv i vassdraget nedstraums Hekni, og spesielt i Byglandsfjorden. Dette er m.a. knytta til den innfrysing i vassdraget som vart gjennomført vinteren 2011 for å fjerne krypsivet.
Tiltaket viste seg å vere svært effektivt, men det vart liggjande ein del krypsivmasse i m.a. enkelte viker. I samband med stor vassføring i Otra denne sommaren og køyring av Hekni kraftverk vart delar av dette ført nedover og hamna til slutt i Byglandsfjorden.
![]()